– Den store saksmengda og redusert bemanning gjer at ein i 2016 må rekne med ei ventetid på minst eitt år før nye saker kan takast opp til handsaming, går det fram av årsmeldinga for 2015.

Ørsta

Jordskifteretten er lokalisert i Strandgata i Ørsta og dekkjer alle dei sytten kommunane på Sunnmøre. Jordskifteretten bidreg til å løyse problem knytt til fast eigedom, og retten klarlegg grenser og rettsforhold, løyser opp sameige og fastset reglar for sambruk mellom eigedomar.

Dei tilsette, som tel tre jordskiftedommarar, tre overingeniørar og to førstekonsulentar, har fått auka arbeidsmengd. Jordskifteretten fekk inn 52 nye saker i 2015, og ved årsskiftet hadde retten 80 saker til handsaming.– Den store saksinngangen gjer at vi har like stor saksmengd som for eitt år sidan, heiter det i årsmeldinga.

Talet på nye saker per år er altså dobla dei siste fem åra.

– 52 nye saker på eit år er det høgste talet på nye saker som er registrert hjå jordskifteretten.Sjølv om talet på nye saker aukar, så er sakshandsamingstida redusert siste to åra. Og gjennomsnittleg ventetid for å ta nye saker til handsaming var i fjor redusert frå over to år til under eitt år.

Omforming

Atten avslutta saker galdt bruksordning og omforming av eigedomar. 33 saker galdt kartlegging av grenser og rettsforhold. Tretti tvistar vart avgjorde ved rettsforlik eller dom, og det vart gjort 123 rettsfastsetjande vedtak for uklare rettstilhøve.

Det vart vidare merka 524 grensepunkt og målt inn 28 kilometer grenser. I alt var 347 partar involvert i dei avslutta sakene.No er det tilsetjingsstopp i domstolane og ei dommarstilling vert ståande ledig i 2016. Det får konsekvensar. I 2014 vart det innført mål for sakshandsamingstid i jordskifterettane. Måltala er åtte månader for rettsfastsetjande saker og seksten månader for rettsendrande saker frå kravet kjem inn til saka er avslutta.

- Slik situasjonen er no vil ikkje Sunnmøre Jordskifterett nå måla for sakshandsamingstid, heiter det i årsmeldinga.Driftsrekneskapen for 2015 viser eit forbruk på 6,3 millionar kroner, og gebyrinntektene var på 302.000.