– Vi må ta på alvor kva rolle vi skal ha. Skal vi bry oss om berre Ørsta og Volda, eller skal vi ta på alvor at vi, på grunn av folketalet, funksjonane her og den geografiske plasseringa, er det opplagde regionsentrumet på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, spurte Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) retorisk då forhandlingsutvalet for kommunesamanslåing diskuterte temaet fredag.

Det var semje om argumentet til Amdam, men medlemene var noko meir delte i spørsmålet om intensjonsavtalen skal snakke om ein «by» eller eit «sterkt regionsentrum».

– By-ordet er vanskeleg å svelge for mange i Ørsta, men vi bør absolutt vere eit regionsenter, sa Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).

Han var klar på at det ikkje er dette området det kjem til å vere mest usemje om i dei vidare forhandlingane. Utvalet landa på at det er betre å bruke nemninga regionsentrum i staden for by.

– Det som er eit faktum i dag, er at mange ser på Ørsta og Volda som eitt samfunn. I tillegg er det slik at vi står med ryggen mot veggen i sak etter sak. Om vi slår tølene i hop, trur eg vi kan kome i ein posisjon der vi kan få funksjonar i staden for å kjempe for å halde på dei, sa rådmann Wenche Solheim i Ørsta.

Kollegaen hennar i Volda, Rune Sjurgard løfta fram behovet for å gjere Ørsta/Volda attraktivt for tilflytting, særleg for unge kvinner.

– Då må vi utvikle urbane funksjonar. For å få til det, må vi ta denne posisjonen som det regionale sentrumet, sa han.

Dan Bjørneset (H) frå Volda meinte det er viktig å vere ærlege overfor innbyggjarane:

– Ei kommunesamanslåing vil ikkje gi dei to kommunane meir pengar totalt sett. Det viktige er utviklingspotensialet og kva dette kan bli på sikt.