Ho vedgjekk at saka om flytting av legen var vanskeleg for henne, og at ho var i tvil om kva ho skulle røyste.

– Eg seier ikkje dette med lett hjarte, men eg kjem til å røyste mot ei utsetjing av saka. Eg ser heilskapen i dette - vi gjer det ikkje for å spare småpengar. Eg meiner argumentet om betre pasienttryggleik er svært viktig, og eg vil ikkje stoppe prosessen i sentrum. Pasientane får eit godt og trygt tilbod med heimelege og ved kontoret i sentrum. Det er tøft å sitte her som vartdaling, men eg står for konklusjonen min.

- Men vi skal ha respekt for at dette er noko som kjem overraskande på folk, la ho til.

Partikollega Fredrik Chr. Langlo meinte også det var rett å godta flyttinga.

– Eg vil minne om at vi allereie har vedteke å flytte legen til sentrum. No prøver legane å få til ei løysing med dei tronge kåra dei har i dag, og då bør vi kome dei i møte. Eg er nesten litt sjokkert over haldningane her. No må vi snart byrje å høyre på kva fagfolka seier. Det er gode legetenester vi ønskjer, og legane sit jo med kunnskap om kva som er bra. Vi kan ikkje utsette denne utvidinga no.