Det vedtok levekårsutvalet i Ørsta kommune onsdag denne veka. Dermed gjer utvalet om på vedtaket som vart gjort i fjor. Då sa politikarane at vegen skulle heite Nørestranda. Klaga frå fleire innbyggjarar kom før jul i fjor – etter at klagefristen var gått ut. Likevel valde politikarane å ta klaga til følgje.

Representantane Eli Birkeland (KrF), Magne Jonny Krumsvik (Frp) og Fredrik Chr. Langlo (H) assosierte alle namnet «Nørestranda» med Vartdal, og ikkje Liadal. Til sakshandsamar Jostein O. Mo si store overrasking:

– For meg er det heilt naturleg å kalle dette for Nørestranda, sa han.

– Folk har ikkje noko forhold til dette namnet. Det skapar ikkje identitet. Det er viktig for mange å få ha Liadal i vegnamnet. Difor er Liadalsvegen eit betre namn på strekninga, sa Tove Halse Digernes (Sp), som sjølv bur på Liadal.

Levekårsutvalet gjekk samrøystes inn for å endre namnet til Liadalsvegen. Nørestranda-skilta er allereie komne opp på strekninga. Med mindre det nye vedtaka blir påklaga, må skilta bytast ut.