Det er ein av konklusjonane etter at barnehagenettverket i Ørsta diskuterte medarbeidarskap tysdag denne veka.

Under seminaret fekk deltakarane først i oppgåve å svare på kva godt leiarskap betyr, og deretter kva godt medarbeidarskap betyr.

– Det vi såg, var at svara på dei to spørsmåla var ganske like. Det handlar om å ta ansvar og å gjere kvarandre gode i kvardagen, seier Einar Magne Moe, einingsleiar i Hovdebygda barnehage.

Det er to barnehagenettverk i Ørsta kommune. Under samlinga tysdag, deltok desse: Hovdebygda, Rystene, Barnas Vel, Krokedalen, Kvitveisen og Vartdal.

– Det er både private og kommunale barnehagar med, og eg opplever at dei tilsette har glede av desse samlingane. Nettverket har seminar ein gong i halvåret, der dei tek opp forskjellige tema. Denne gongen stod altså medarbeidarskap på plakaten. Møtet vart leia av Hilde Flotve Mo, rådgivar i personalavdelinga i Ørsta kommune.

– Ho har jobba mykje med denne tematikken, og er ein stor ressurs for oss, seier Einar Magne Moe.

Flotve Mo tok mellom anna opp kompetansen til dei tilsette. Denne er sett saman av fleire ting, men eit punkt står fram som klart viktigast:

– Haldningane er avgjerande for at dei tilsette skal kunne ta i bruk ressursane sine i kvardagen. Utan dei rette haldningane, er det lite hjelp i med kunnskap, ferdigheiter og evner, seier Einar Magne Moe.

Flotve Mo peikar også på at det er viktig at dei tilsette kjem seg ut av komfortsona. Men ikkje for langt ut.

– Ho deler det inn i tre soner: Komfortsona, læringssona og panikksona. Kunsten er å gå ut av komfortsona, men framleis meistre oppgåvene.

Einar Magne Moe var godt nøgd med samlinga, og seier at mange av deltakarane har gitt gode tilbakemeldingar.

– Noko av det viktigaste med dette, er at det aukar kvaliteten på barnehagane i kommunen. Det hjelp ikkje at ein barnehage har ein fin bygning eller ein fin leikeplass om ikkje personalet fungerer. Det er personalet som syter for kvaliteten, seier han.