– Dette er ei veldig vanskeleg sak, og det er veldig synd at det skal bli så store konfliktar på grunn av denne vegen, sa Marit Aklestad (SV) då levekårsutvalet handsama klaga på vegnamnet. Politikarane enda på at vegen frå E39 ved Romestrand i Barstadvik og mot Melbøsetra og Molladalen skal heite «Vollevegen».

Saka har splitta bygda, og skapt relativt store konfliktar. Klagarane meiner vegen bør heite «Molladalsvegen», medan fleire andre meiner det er rett at vegen heiter Vollevegen. Det siste namnet er henta frå ein av gardane i bygda.

– Dette er ei veldig sår sak, og det er synd at det har gått så langt. Eg står fast på at vegen bør heite Vollevegen. Men det bør vere eiga skilting mot Molladalen ved E39 sa Tove Halse Digernes (Sp).

Argumentet om at Molladalen som turistmål bør vere meir synleg, fekk klangbotn hos fleire medlemer. Magne Jonny Krumsvik (Frp) argumenterte med at det bør vere skilt mot Molladalen på E39 både ved Romestrand og i krysset ved butikken i Barstadvik. Sakshandsamar Jostein O. Mo presiserte at det ikkje er del av denne saka.

– Dette handlar om adressetildeling, og at de skal legge til rette for praktiske og fungerande vegadresser, sa han.

Mo si tilråding var å byte namn til Molladalsvegen, men saka var heller ikkje enkel for han.

– Det kostar meg ingenting å seie at dette er ei frykteleg vanskeleg sak. Men oppgåva dykkar er å fatte eit politisk vedtak, sa han til politikarane.

Eli Birkeland (KrF) spurte om det ville vere ein fordel å sende saka tilbake til bygdeutvalet, og fekk støtte frå Fredrik Chr. Langlo (H). Dette forslaget førte likevel ikkje fram. Under voteringa stemte åtte av ni medlemer for å avvise klaga, og halde på at vegen skal heite Vollevegen. Saka er likevel ikkje heilt over. Jostein O. Mo opplyser til Møre-Nytt at klagesaka no går vidare til formannskapet, som er klageutval for denne typen saker. Saka er sett på saklista til formannskapsmøtet 2. februar, altså tysdag i neste veke.