Det er klart etter ein lang debatt i levekårsutvalet onsdag.

– Dette vil nok kome brått på for mange, sa Ann Karin Sætre (H), som sjølv er vartdaling.

Ho enda likevel opp med å støtte flyttinga. Saka er komplisert, og krev ein del forklaring: Det er i dag fastlegetilbod på Vartdal tre dagar i veka. Då kommunestyret vedtok å byggje nytt legesenter på Bakk-Ola-marka i fjor, vart det samtidig vedteke at alle legane i kommunen skal ha kontor i sentrum. Det var likevel ikkje planen at legen på Vartdal skulle flytte til Ørsta før legesenteret står ferdig, truleg i løpet av 2017. Så, i fjor haust, gav legane beskjed om at situasjonen ved dagens legesenter er så prekær at dei trengde meir plass snarast råd. Løysinga vart at fysioterapeutane flytta ut av lokala sine i kjellaren, slik at også denne etasjen kan brukast til legekontor og legevakt. Det medførte at fysioterapeutane trengde nye lokale. Kommunen sende dette ut på anbod, og har no fått eit tilbod om på nye lokale. Husleiga på dette medfører at utgiftene går opp med om lag 130.000 kroner, og kommunen måtte finne inndekning. Med eit større legekontor er det også plass til fleire legar. Rådmannen har kome fram til at det er rimelegare å ha alle legane samla på ein stad, og finansieringa vart difor løyst ved å flytte Vartdal-legen til Ørsta tidlegare enn planlagt. Legetilbodet ved sjukeheimsplassane på Vartdal helsetun blir ikkje råka av endringa. Her vil det framleis vere lege éin dag i veka. Det er også meininga at dette blir kombinert med eit legetilbod til dei som bur i bufellesskap ved helsetunet.

Rådmann Wenche Solheim avviser at kommunen flyttar legen på grunn av dei 130.000 kronene:

– Pengane kunne vi nok henta frå andre stader. Men vi har erfaring med at det er vanskeleg å finne vikarlegar til Vartdal, og vi hadde allereie eit politisk vedtak på at legen skulle flyttast. Difor valde vi denne finansieringsløysinga. Men eg forstod at dette ville bli politisk diskusjon av, og difor bad eg om at formannskapet og levekårsutvalet vart orientert.

– Pasientsikring er også eit viktig argument her. Når legane er samla, får vi dei eit felles system for pasientjournalar, og systemet blir sikrare. Ulempa er at nokre får lenger reisetid, men det har kommunestyret allereie vedteke at skal skje på sikt, sa Knut Åmås, seksjonsleiar helse og velferd i Ørsta kommune.

Levekårsutvalet godtok orienteringa og flyttinga etter at fem av ni medlemer stemte for å godta orienteringa, medan fire ønskte å utsette, og få ei ny sak på bordet. Dei fire var Odd Magne Vinjevoll (Frp), Magne Jonny Krumsvik (Frp), Eli Birkeland (KrF) og Marit Aklestad (SV).