I Volda kommune har politikarane gjort vedtak om at 16-åringane skal få røyste i mai når folket skal få seie kva dei ønskjer skal skje vidare i kommunesamanslåingsprosessen.

– Det same har vi planar om i Ørsta, seier rådmann Wenche Solheim.

– Det er stort sett berre formalitetar som står att, men vi ønskjer at også 16-åringane i Ørsta skal få seie sitt, og vil gjere framlegg til vedtak om dette til politikarane, seier Solheim.

Anne Ellingsen frå Venstre seier at ho håper dei unge stiller ved valurnene.

– Det er eit stort ansvar å få røysterett. Dette er ei beslutning som vil påverke framtida. Eg er glad 16-åringane skal få røyste. Kanskje burde vi sette ei øvre grense på 60 år, for dette er mest dei unge si framtid det gjeld, sa ho, med ein humoristisk tone.

– Eg håper mange møter opp, helsa ordførar Stein Aam.