Blant stadane der Jodel har sperra tilgangen er Levanger, Sandefjord, Tønsberg og Ulstein. Også fleire enkeltbrukarar er sperra ute etter å ha misbrukt appen. Fleire skular har også vore stengde etter at anonyme brukarar på Jodel har kome med trugsmål mot skulane.

Trist

Jodel er ein tysk app, og TrønderAvisa har fått Alexander Linewitsch frå firmaet i tale.

– Det er sjølvsagt trist å sjå misbruk på Jodel eller andre former for sosiale medium. Vi tek dette ekstremt seriøst. Som uttrykt i vårt reglement, som alle må akseptere før dei brukar Jodel, er vi sterkt imot alle former for trakassering, seier han til avisa.

– Brukarar som vekkjer merksemd i negativ forstand vert blokkert og ekskludert frå samfunnet slik at dei ikkje kan skrive innlegg, held han fram. Til TrønderAvisa fortel Linewitsch at Jodel er i sterk vekst, og at dei utviklar eit nytt system som skal fange opp uønska åtferd raskare.

Positive

Fram til no har dei fleste av brukarane av Jodel vore studentar ved ulike universitet og høgskular.

– Dei fleste av våre samfunn er lystige og positive. Det er det vi ønskjer å oppnå, uttalar Linewitsch.

I Ulstein vart Jodel stengt for bruk etter at ein person fekk nok av å sjå meldingar der enkeltpersonar vart hengt ut og mobba. Ho melde frå, og Jodel stengde kort tid etter tilgangen.