<strong>Ny bil:</strong> Brannsjef Einar Ytre-Hauge (t.v.), her saman med brannmeister Erik Myklebust, er godt nøgd med investeringane Ørsta kommune no gjer i brannvenrnet. Hovudbrannbilen (i bakgrunnen) blir truleg bytta ut før året er omme. (Arkivfoto)

Ny bil: Brannsjef Einar Ytre-Hauge (t.v.), her saman med brannmeister Erik Myklebust, er godt nøgd med investeringane Ørsta kommune no gjer i brannvenrnet. Hovudbrannbilen (i bakgrunnen) blir truleg bytta ut før året er omme. (Arkivfoto)

Eit løft for brannvernet

Ørsta brann og redning får både ny brannbil og oppgradert brannstasjon i 2016.

– Dette blir eit løft både for beredskapen i Ørsta og for dei som jobbar i Ørsta Brann og Redning, seier brannsjef Einar Ytre-Hauge til Møre-Nytt.

Stort behov for ny bil

Før jul vedtok kommunestyret i Ørsta å investere 4,2 millionar kroner i ny hovudbrannbil.

Det er stort behov for ein ny hovudbrannbil i Ørsta. Dagens bil er frå 1995, og manglar viktig utstyr. Han har mellom anna ikkje utstyr for sløkking med skum. Han har heller ikkje vinsj eller setebelte til mannskapa. Alderen gjer også at faren for driftsstans aukar. Det kan få dramatiske konsekvensar dersom vasspumpa sviktar medan det er røykdykkarar inne i ein bygning.

LES OGSÅ: På høg tid med ny brannbil

 – No får vi ein bil med moderne sløkkingsutstyr. Det er viktig for kommunen. Dagens hovudbil blir ny brannbil på Sæbø. Så vi får ei oppgradering der også, seier Ytre-Hauge.

Innkjøpet av brannbil skal no ut på anbod. Håper til brannsjefen er at det nye flaggskipet til brannvernet skal vere på plass i Ørsta til jul.

– Det hadde vore ei fin julegåve.

Oppgradert stasjon

I tillegg skal kommunen investere 11,3 millionar kroner i ombygging av brannstasjonen i sentrum. Arbeidstilsynet har avdekt fleire avvik ved arbeidstilhøva for brannmannskapa.

Stasjonen, som vart bygd i 1956, manglar garderobe og dusj for mannskapet og skilje mellom rein og urein sone. Der er heller ikkje eksosavsug for bilane. Stasjonen må også utvidast for å få plass til den nye brannbilen.

– Det største løftet for mannskapet blir nok at vi får på plass eit skilje mellom rein og urein sone på stasjonen, seier brannsjefen.

I desse dagar skriv kommunen under på kontrakten med entreprenøren. Arbeidet er venta å kome i gang i løpet av våren.

– Er Ørsta brann og redning rusta for framtida når desse utbetringane kjem på plass?

– Vi har fleire bilar som treng utskifting, men kostnadane til dette er ikkje på langt nær like store som til ny hovudbil og oppgradert brannstasjon.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.