<strong>Sonderingar:</strong> 21. desember hadde ordførarane i Stryn, Hornindal, Ørsta og Volda. Frå venstre: ordførarane Stig Olav Lødemel (Hornindal), Sven Flo (Stryn), Stein Aam (Ørsta) og Jørgen Amdam (Volda). foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Sonderingar: 21. desember hadde ordførarane i Stryn, Hornindal, Ørsta og Volda. Frå venstre: ordførarane Stig Olav Lødemel (Hornindal), Sven Flo (Stryn), Stein Aam (Ørsta) og Jørgen Amdam (Volda). foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Skal møte ministeren

Om staten opnar for å bevare akuttkirurgien i Volda, vil ordførarane Ørsta og Volda diskutere ei mogleg samanslåing med Stryn og Hornindal.

Så seint som 21. desember hadde dei fire kommunane felles møte på Grodås.

– Der kom vi fram til at vi skal be om eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner seinare i januar, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).

Planen er klar. Dersom regjeringa er villig til å diskutere bevaring av akuttkirurgien ved Volda sjukehus, er kommunane klare til å gå i forhandlingar om samanslåing.

– I utgangspunktet ser eg føre meg at vi i Ørsta og Volda gjer oss ferdige med våre forhandlingar først, før vi vurderer å gå i samtalar med dei to Nordfjord-kommunane, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap).

Pressa situasjon

Regjeringa er i ein pressa situasjon når det gjeld kommunereforma. Svært få kommunesamanslåingar er klare, og mange ordførarar er skeptiske til reforma. Regjeringa har gitt kommunane frist til 1. juli for å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med andre kommunar, og gjere vedtak om dette.

– Signala vi får frå statsråden vil nok vere svært avgjerande for kva som skjer med denne prosessen for Ørsta og Volda sin del, seier Aam.

Han presiserer at Jan Tore Sanner ikkje har ansvaret for sjukehuspolitikken.

– Men her heng ting saman, og det må vere mogleg å sjå desse sakene i samanheng.

Vil ha avklaring

Fylkesmannen, som koordinerer kommunereforma i Møre og Romsdal,  har på si side sett 1. februar som ein viktig frist i reformprosessen. Innan den tid skal alle kommunane i fylket gi tilbakemelding om kven dei ser føre seg å slå seg saman med.

– Det har Ørsta og Volda allereie gjort ved å gjere vedtak om å gå i forhandlingar med kvarandre, seier Amdam.

Kollegaen i Ørsta meiner det er viktig at det kjem ei avklaring om Nordfjord-spørsmålet også før 1. februar.

– Eg meiner det er viktig at vi snevrar inn diskusjonen og er konkrete om kva vi vil gå vidare med. Ein kommune som strekkjer seg frå Utvik til Festøya blir svært stor, men gode vegar gjer at det ikkje er urealistisk.

Folkerøysting

19. mai planlegg Ørsta og Volda å gjennomføre folkerøysting om kommunesamanslåing. Aam og Amdam meiner kommunane må vurdere å inkludere eit spørsmål om Stryn og Hornindal her.

– Det er like viktig å høyre på kva innbyggjarane seier om dette samanslåingsalternativet som ei samanslåing av berre Ørsta og Volda. Om vi bestemmer oss for å gå vidare med diskusjonane med Stryn og Hornindal, må vi vurdere å inkludere dette spørsmålet i folkerøystinga, seier Aam.

– Då vil det vere naudsynt å gjennomføre forhandlingar med Stryn og Hornindal allereie i vår, seier Amdam.

Ørsta-ordføraren vil ha svar på tre viktige spørsmål før folkerøystinga: Kva skjer med lånegjelda til kommunane ved ei samanslåing, korleis blir investeringsbehovet dei komande åra vurdert og kva skjer med Tussa-aksjane, som Ørsta har flest av?

– Desse spørsmåla må vi ha svar på også ved ei samanslåing som inkluderer Stryn og Hornindal. Det er eg svært usikker på om vi rekk før 19. mai, og vi får fort behov for å utsetje folkerøystinga. Denne reforma er eit råkøyr, og vi burde hatt både eitt og to år ekstra på bestemme oss. Dette vil eg ta opp med Sanner, seier Aam. 

Møte i Loen

Den 20. og 21. januar planlegg Ørsta og Volda felles kommunestyremøte i Loen. Hit er også politikarar frå Stryn og Hornindal invitert. Møtet er planlagt arrangert etter møtet med Jan Tore Sanner, og håpet er at det etter møtet kjem ei avklaring på om det er grunnlag for at dei fire kommunane set seg ned rundt forhandlingsbordet.

Uansett utfall, trur Stein Aam det er grunnlag for eit breiare samarbeid med Nordfjord-kommunane i tida framover. Det gjeld særleg Hornindal.

– Det er til dømes ikkje unaturleg å tenke seg at vi går i samarbeid med Hornindal om skuletilbodet for elevane i Bjørke krins og i Austefjorden, seier Ørsta-ordføraren.

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Meir å lese på Møre-Nytt:
<strong>Ministeren:</strong> Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har ansvaret for gjennomføringa av kommunereforma.

Ministeren: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har ansvaret for gjennomføringa av kommunereforma.

Dette vert lest no:

Hotel Union Øye vurderer igjen å byggje ut

Hotel Union Øye går så det susar, med rekordår og god inntening. Og no vurderer hotelleigar Knut Flakk igjen å byggje ut hotellet.

Julegrana er tent

Mange trassa regnvêret for å vere med på julegrantenninga i Ørsta.

Lions Ørsta klar for kalendersalet

Tradisjonen tru startar Lions Club Ørsta no med sal av kalender.

Velvillige grunneigarar i Bondalen avstår grunn

Velvillige grunneigarar i Bondalen sikrar dalen nye busskur.

Jostein Mo får kulturprisen

Formidlaren av Ørsta-historie

– For fyrste gong har eg vorte heilt sett ut. Eg ana ingenting då namnet mitt med eitt kom opp, og eg vart beden om å forlate møterommet.

Mykje nedbør i vente

Er meldt 30-55 mm med nedbør på tolv timar.

Brev til Ketil Solvik-Olsen om avisdistribusjon:

- Nok er nok

Vil byggje gangvegar på stordugnad

Ørsta kommune og samfunnsutvalet tenkjer nytt når dei no inviterer til stordugnad for å få fortgang i bygginga av gang- og sykkelvegar i Ørsta.