Ordførar Stein Aam (Sp) trekte parallellar til fortida si som fotballspelar då han oppsummerte saka.

– Det gamle kommunestyret la grunnlaget med eit godt forsvarsspel. Legane, administrasjonen, byggeleiarar og arkitektar har spelt godt med detaljane på midtbana. No har eg og de andre angriparane fått ei lissepasning som vi skal setje i mål i dag. Dette er ein gledens dag, og vi har fått eit kjempeprosjekt på bordet, sa han under debatten før det historiske vedtaket.

Legesentersaka har skapt stor kontrovers i kommunestyret det siste året. Den opphavlege planen var å leige lokale i Nordea-bygget, men dette vart avvist av kommunestyret i vår. Då vart det i staden gjort vedtak om å prosjektere eit nytt heleshus på Bakk-Ola-marka.

Prosjektet vart samrøystes vedteke torsdag, og skal romme legesenter, legevakt og 20 nye omsorgsbustadar. Kostnadsramma for prosjektet er 114 millionar kroner.

– Dette er eit godt prosjekt både når det gjeld finansiering og drift. I løpet av fem til ti år vil drifta av huset vere i balanse, sa Odd Magne Vinjevoll.

Paul Kristian Hovden (KrF) har vore ein av dei tydelegaste tilhengarane av å leige i staden for å byggje sjølv. Han var også den som stilte flest kritiske spørsmål under debatten torsdag.

– Korleis kan vi i dag seie at prosjektet er sjølvberande økonomisk om 10 år. Det tek utgangspunkt i ei rente på to prosent, og det kan vi ikkje vere sikre på å få. Eg meiner framleis at eit leigealternativ ville vore billegare og raskare, men vi skal likevel glede oss over at Ørsta, som den fjerde største kommunen i fylket, får eit fullverdig helsehus.

Tidlegare ordførar Rune Hovde (H) har også vore ein pådrivar for leigealternativet.

– Men den debatten har eg ikkje behov for å ta omkamp på. Dette er ein gledens dag og ei gledens sak, sa Hovde.

Høgre fremja likevel forslag om at saka skal tilbake til kommunestyret dersom det viser at prosjektet kostar meir enn ramma på 114 millionar kr.

I tillegg fekk varaordførar Karen Høydal (Ap) gehør for at det blir lagt opp til å grave ut ein større kjellar enn planlagt under huset. Prosjektramma vart auka frå 108,7 mill. kr til 114 mill. kr for å gjere plass til dette. Samtlitge kommunestyremedlemer røysta for både sjølve vedtaket og dei to endringsforslaga.

Les meir om legesenteret og andre saker i kommunestyret i Møre-Nytt laurdag.

Under gruppemøte vart det bestemt å løyve fem millionar ekstra til å utvide kjellaren på helsehuset. I tillegg vedtok kommunestyret at dei vil ha saka tilbake til politisk handsaming dersom prosjektramma på 114 millionar kr sprekk. F.v. Hans Olav Myklebust (Frp), Jostein O. Mo (Ap), Ola Perry Saure (Sp), Per Are Sørheim (H), Paul Kristian Hovden (KrF) og Stein Aam (Sp).