- Vi vil gjere det enklare og meir attraktivt for innbyggjarar i fylket å velje kollektivt framfor bilen. Frå nyttår aukar vi passasjerkapasiteten og vi sett inn større og nye bussar slik at reisande kjem raskare fram. Vi har også jobba hardt for å betre korrespondansane for ekspressbussen og trur dei reisande vil setje pris på det, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding.

Frå nyttår vert det namneendring på Time-ekspressen mellom Volda og Kristiansund. Fram ekspress vert det nye namnet, og er i tråd med omprofileringa fylkeskommunen er i gang med for kollektivtilbodet i fylket.

Dei nye ekspressbussane er kvite i front og er noko som reisande må merke seg.

– Ekspressbussen mellom Volda og Kristiansund er sjølve navet i busstilbodet i fylket. Vi har mange faste pendlarar som brukar ekspressbussen til og frå jobb.  I tillegg er det mange som vel buss framfor bil når dei skal reise på besøk til vener og familie. Endringa frå Timeekspressen til Fram ekspress betyr ei vidareføring og styrking av satsinga på ekspressbusstilbodet i fylket, noko som har vore viktig for oss, seier Fuglseth.

Sanntid på buss

For første gang i Møre og Romsdal vil reisande få tilbod om sanntid på buss. Tilbodet blir først lansert på rute 100 og 101 som er ekspressbussen mellom Volda og Kristiansund. Sanntid gir betre og meir oppdatert informasjon som gjer det lettare og meir oversikteleg for reisande å nytte bussen.

Om bord på bussen vil neste haldeplass bli automatisk lese opp over ein innvendig høgtalar.

Inne i bussane vil skjermar gje reisande informasjon om dei neste stoppestadene på ruta.

Når bussen stoppar ved ein haldeplass og dørene blir opna, vil det bli utvendig opplesing av linje og destinasjon slik at dei som skal gå på bussen får betre informasjon.

- For mange blinde og svaksynte er det vanskeleg å reise kollektivt, men med sanntidsinformasjon blir terskelen senka slik at fleire kan nytte bussen som framkomstmiddel. Sanntid gir tryggheit og gjer det føreseieleg for alle som reiser med buss, seier prosjektleiar for sanntid Toril Karlsnes Viken.

I løpet av første kvartal 2016 vil fleire ruter få sanntidsinformasjon.