Det er hovudkonklusjonen frå det første formelle forhandlingsmøtet om kommunereforma mellom Ørsta og Volda kommunar.

Det fyrste forhandlingsmøtet vart halde førre veke, og med på drøftingane var ordførar Stein Aam, varaordførar Karen Høydal, Per Are Sørheim og rådmann Wenche Solheim frå Ørsta kommune og ordførar Jørgen Amdam, varaordførar Fride Sorthaug, Dan Bjørneset og rådmann Rune Sjurgard frå Volda kommune. I tillegg var Per Ernst Lundberg frå Volda kommune, Gro Anita Bårdseth frå Ørsta kommune og Per Ivar Lied frå Sunnmøre regionråd med på forhandlingane.

Av referatet frå møtet går det altså fram at det vert halde fast på kommunestyrevedtaka i Ørsta og Volda om å forhandle fram ein intensjonsavtale for kommunane Ørsta og Volda.

Men samstundes vert det vist til sonderingane som har vore overfor kommunane Hornindal og Stryn i Nordfjord, og det er semje om å undersøkje eit mogleg samarbeid nærmare. Det skal takast eit in initiativ til eit møte med ordførarane og rådmennene i Stryn og Hornindal før jul, og representantar frå Hornindal og Stryn skal verte inviterte til eit felles kommunestyremøte for Ørsta og Volda kommunar i januar.

Overfor kommunane på Søre Sunnmøre er konklusjonen at ein ynskjer at det eksisterande samarbeidet skal halde fram.

Det felles kommunestyremøtet for Ørsta og Volda er planlagt til 20.–21. januar, og føremålet er å gje faktabasert informasjon om kommunereforma, og leggje eit grunnlag for felles forståing og eit godt samarbeidsklima.

Deltakarane på møtet er kommunestyrerepresentantane, ungdomsråda, tillitsvalde og rådmenn/kontaktpersonar.

– Forhandlingsnemndene legg vekt på at vi må bruke høvet til å utvikle felles strategiar for utvikling av Ørsta/Volda-samfunnet, heiter det i referatet frå forhandlingsmøtet.

På forhandlingsmøtet kom det også fram at rådmennene i Ørsta og Volda skal sjå nærmare på korleis Ørsta og Volda i fellesskap kan løyse saker knytt asylmottak og integrering.