Lowcarberia er namnet på butikken som held til i dei tidlegare lokala til Ørsta Landhandel. Her vert det sal av både helsekost og ferske bakevarer.

Butikk og kafé

– Det første som slo meg då eg såg lokalet var at det var veldig stort, men eg har laga det til med butikk i eine delen og med kafé i den andre delen. Då har eg også rom for å vekse, seier Heike.

Ho fortel at bakgrunnen for satsinga er at ho er oppteken av god kvalitetsmat. I butikken vil der vere utvalde varer i lågkarbo, glutenfritt, med mindre sukker og økologisk.

– Eg likar å vite kva eg puttar i munnen. At eg ikkje et berre for å ete, men at det er mat som er godt for kroppen, seier ho, og legg til at ho ikkje vil selje helsekosttilskot, men tørr- og ferskvarer.

Der vert også mat frå lokale leverandørar. Mellom anna har ho avtale med bakeriet i Geiranger som skal levere ferske bakevarer til kafeen. Ei skikkeleg kaffimaskin er alt på plass, bord og stolar er kjøpt inn, og siste finpussen står att før butikken er klar for opning.

– Eg trur at det er rom for ei slik satsing i Ørsta/Volda-området, der kundane får alt samla på ein stad. Eg vil starte med basisen, og så vil eg tilpasse tilbodet meir etter etterspurnaden når eg ser kva det er folk ønskjer.

Noko av maten har ho importert frå Tyskland, men ho har også fleire norske leverandørar på lista.

Nytt og spennande

– Inntrykket mitt er at det kan vere vanskeleg å få tak i denne typen mat i Noreg. Du må leite litt for å finne han. Men eg opplever at fokuset på mat er i vekst, og at stadig fleire er medvitne på kva dei et og kva det er dei eigentleg betalar for.

Heike Weise har erfaring frå butikk tidlegare, men det er første gongen at ho står på eigne bein.

– Så dette er både nytt og spennande, også for meg.

I første omgang vil ho drive aleine, men ho har alt fått førespurnader frå folk som ønskjer å jobbe saman med henne.

– Det er noko eg vil ta etter kvart, når eg ser korleis dette går.

Torsdag opnar ho dørene, og ho lovar smaksprøver og opningstilbod til dei som kjem.

– Her er også flust av julegåvetips for dei som har alt, lovar ho.