Måndag vart det klart at det ikkje vert ei nedlegging av Søre Sunnmøre tingrett - i denne omgang.

LES OGSÅ: Stoggar nedlegging av tingretten

Dermed baud dei tilsette inn til kakefest, for seg sjølve og for advokatane som er knytt til tingretten.

- Vi var ikkje tungbedne då dei baud på kake, seier to glade, Bjarte Aambø og Espen Rekkedal frå advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.

Også ein av dei store forkjemparane for tingretten, advokat Jørund Knardal var sjølvskriven gjest.

- Dette betyr mykje. Tingretten involverer mange partar. Kostnadene med å flytte alt til Sunnmøre tingrett i Ålesund vil vere svært store. Dette betyr mykje både for oss og for lokalsamfunnet, seier Knardal.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik tok ein liten pause frå morspermisjonen for å vere med på feiringa.

- Å stoppe samanslåingsprosessen med Ålesund er ei veldig viktig avgjerd, som eg er svært glad for.

Wiik rosa også sine tilsette.

- Dei har jobba med nedleggingsspøkelset hengjande over seg lenge, men har likevel klart å gjere ein god jobb og har gitt brukarane gode tenester. No håper eg at vi kan få litt ro i tingretten slik at vi kan få bruke all engergien vår på å gjere det vi skal.