– Dersom Skårelva ikkje blir utbygt, vil Skår gro att. Då forsvinn heile bygda, sa Synnøve Rekkedal Hill då formannskapet i Ørsta diskuterte saka.

NVE gav avslag på konsesjonssøknaden til grunneigarane på Skår. Dei har no klaga saka inn for Olje- og energidepartementet, som har varsla ei avgjerd i løpet av vinteren.

Tidlegare i haust var departementet på synfaring på Skår.

Forum for natur og friluftsliv i Møre og Romsdal har uttalt seg mot utbygging på Skår.

– Vi hadde oppe søknadane om kraftverk ved Hjørundfjorden for fire år sidan. Då sa vi nei til utbygging på Trandal og på Øye, men ja til utbygging på Skår nedom fossen. Det er difor ikkje urimeleg om det endar opp med at Skår er den staden som får kraftverk, sa Gunnar Knutsen (V).

– Alt heng i hop med alt på Skår, og dette er ei av brikkene som må til. Eg vurderer fordelane som større enn ulempene i dette prosjektet, sa ordførar Stein Aam (Sp).

Formannskapet tok referatsaka til vitende.