– Nei, for vi har ikkje fått svar på det som eg kallar dei vanskelege spørsmåla. Difor lever folk i uvisse, og då vert dei også skeptiske, seier Aam.

Det han kallar dei vanskelege spørsmåla er saker som verdiane i Tussa. Vidare at kommunane Ørsta og Volda har ulik lånegjeld, og drifts- og investeringsbehovet i veg, vatn og kloakk er ulikt.

– Kommunestyret har pålagt oss å gjennomføre forhandlingar med Volda, der alle desse forholda skal på bordet. Desse samtalane er vi no i gang med, seier Aam.

Han undersår ikkje at han sjølv er blant skeptikarane, og meiner at utstrekt samarbeid er ei betre løysing enn samanslåing.

– Slike samarbeid har vi mange av, og dei fungerer godt. Og samarbeide meir kan vi gjere med Volda, Søre Sunnmøre og heile Sunnmøre, seier Aam.

Det er planlagt ei folkerøysting om samanslåing i mai. Resultatet der vil Aam rette seg etter.

– Eg er ordførar for alle, og vil at alle skal kome fram i i forkant, og at resultatet i folkerøystinga skal gjelde.