– Både mottaket og læringssenteret kan vere store ressursar for høgskulen. Studentar som får delta i aktivitetar med desse institusjonane vil få ein verdifull fleirkulturell kompetanse, og meir kunnskap om ei gruppe i samfunnet som ein vil møte i framtidig yrkesliv anten det er i barnehage, skule eller ulike offentlege tenester, sa Arne Humberset, leiar for Internasjonalt kontor ved HVO, under møtet.

Volda læringssenter har i dag rundt 200 elevar, som har økt kraftig frå 2011 då talet var 35. Dei har allereie studentar frå HVO som praktiserer hos dei. Men dei ytra eit ønske om at fleire enn studentane frå sosialfag, som i dag er dei einaste studentane med ordna praksis ved læringssenteret, kan bidra i deira arbeid.

Stian Bjerkevik, rektor ved læringssenteret, la fram at dei kan tilby studentar praksis knytt til undervisning av minoritetar.

Han fortalde vidare at dei har behov for leksehjelp og språkpraksisplassar. Bjerkevik ser også moglegheita for at flyktningar og asylsøkjarar kan halde foredrag ved høgskulen.