Denne veka takka ørstingen Kristian Myklebust ja til stillinga som sokneprest i Volda og Dalsfjord.

– Eg trur at det er ein spennande og utfordrande prestejobb i området vårt, og då stillinga vart utlyst tenkte eg at eg måtte søke, seier Myklebust.

Pappaperm

30-åringen har saman med kona Ruth Eva Sollie busett seg i Ørsta. Sollie tek til i stillinga som sokneprest på Vartdal 1. januar medan det vil ta litt tid før Myklebust byrjar på oppgåvene i Volda og Dalsfjord.

– Frå nyttår skal eg ut i pappaperm. Ut på våren kjem eg truleg fullt i gang, men dette er ikkje heilt avklart enno.

Praksis i Volda

Miljøet i Volda er ikkje ukjent for Myklebust, og våren 2012 hadde han praksis der.

– Eg likte meg godt blant staben og kyrkjelyden. Eg kjenner til miljøet frå tida mi der, men eg kjem ikkje til ein stad der eg kjenner mange.

Fleire prestejobbar allereie

I 2012 vart Myklebust ordinert som prest i Ørsta. Etter dette vart han eitt år i forsvaret som feltprest på Ørlandet. Etter at tida som vernepliktig befal var over flytta han og kona til Hareid. Myklebust vart tilsett i to stillingar, 50 prosent kvar, i Møre bispedømme som ungdomsprest i Hareid og som prostiprest hovudsakleg i Ulstein.

Etter at ekteparet vart foreldre har Myklebust vikariert for Sollie som sokneprest i Hareid. Vikariatet går ut dette kalenderåret, og etter at perioden med pappaperm er over er han klar til å byrje i prestejobben i Volda og Dalsfjord.

– Eg ser fram til å ta fatt på nye oppgåver. Eg brukte også tida godt til å tenkje meg om før eg takka ja, og det er ein utfordrande jobb. Volda er ein god stad å vere, og det er ei mangfaldig bygd. Eg vert og prest i to sokn, og det trur eg vert bra.

– Korleis vil du beskrive deg sjølv som prest?

– Noko som eg skreiv i søknaden til prestestillinga er at eg finn meining i arbeidet med gudstenester, gravferder og bryllaup, og å ha samtaler med menneske i ulike situasjonar. For ein ny prest er dette ein naturleg stad å byrje, og eg føler at det er meiningsfullt. Då er eg der eg skal vere, seier Myklebust.