Einingsleiar kjøkken i Ørsta kommune, Arne-Kåre Engeseth er full av lovord for initiativet som Jan Arne Hove har kome med. Han er avdelingsleiar kjøkken og kantine i Helse Møre og Romsdal. Hove ønskjer eit samarbeid mellom sjukehusa og institusjonane i fylket som skal syte for rett mat til rett tid til kvar einskild person.

– På sjukehusa har vi screening av pasientane som gjer at vi som jobbar med maten veit kva kvar einskild pasient treng av næring. På den måten kan vi legge til rette for at kvar enkelt får den maten dei treng, om det er glutenfri mat, næringstett mat, saltfattig mat, laktosefri mat osv., forklarer Hove.

Problemet oppstår når pasientane vert skrivne ut og skal vidare til institusjon. Då stoppar kommunikasjonen opp. Pasientane er utstyrte med epikrise som seier noko om helsetilstanden og kva medisin dei skal ha, men matbehovet vert ikkje vidareformidla.

– Får Olga på nitti glutenfri mat på sjukehuset, men vanleg mat på institusjon, då er det ikkje lenge før ho er innlagd igjen, seier Hove.

Arne-Kåre Engeseth fortel at dei har mange ulike diettar som dei lagar til i kvardagen til bebuarane på institusjon i Ørsta, men at det er meir sporadisk og at dei har mykje å gå på.

Hove sitt initiativ har fått namnet «KjøkkenForum». I Ørsta onsdag var det samla folk frå alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, for å samle inspirasjon til vidare arbeid med mat på institusjonane. KjøkkenForum har som mål å samlast ein gong i året for fagleg påfyll. Dei vil også ha eit sterkt fokus på lærlingar.

– Vi inviterer lærlingane dykkar til å hospitere hos oss. På den måten kan vi hjelpe kvarandre på å verte gode, til det beste for pasientane, seier Hove.

Det er musikk i øyra til Engeseth.

– Det vil hjelpe oss i å verte tryggare og betre på det vi held på med. Etter samhandlingsreforma har vi fleire sjukare pasientar. Fleire bur også heime lenger, så dei vi får inn på institusjonane er også eldre. Då er mat viktig. Brukaren er gjerne i sin mest krevjande fase i livet. Vi har ansvaret 24 timar i døgnet, heile året. Det er opp til oss å lage freistande mat, men ingenting er sunt om det ikkje vert ete. Dette er kjempeviktig.

Kokk Harald Osa frå BAMA gruppen kom med inspirerande og enkle tips til mellommåltid.

–Dette er noko alle kan. Terskelen er å gjere det. Vi må gidde. Det skal uhyggeleg lite til for å gjere ting berre litt betre. Matglede er god eldreomsorg!