Stryn kommunestyre har forfatta ei felles fråsegn der dei sterkt åtvarar mot nedlegging av akuttkirurgien ved Volda sjukehus, skriv Fjordingen.

LES OGSÅ: Største folkemengde nokon gong i Volda

Fråsegna lyder slik:

«Eit samla kommunestyre i Stryn er særs bekymra og ueinige kring planane om å legge ned akuttkirurgien i Volda. For Stryn sine innbyggarar inneber dette eit langt dårlegare sjukehustilbod og lågare livskvalitet gjennom usikkerheit i forhold til eige liv og helse. Etter at Kvivsvegen opna, er Volda det nærmaste sjukehuset med akuttkirurgi for storparten av innbyggarane i Stryn kommune. Det er også det sjukehuset som er nærmast i forhold til fødslar. Kva skjer med tilbodet til fødande i Volda, dersom akuttkirurgien blir nedlagt?

Stryn kommunestyre er særs kritiske til det som no er i ferd med å skje og vonar Helseministeren revurderer planane om å legge ned akuttkirurgien i Volda.»