- Frå torsdag kveld til fredag morgon kom det 33,7 mm nedbør i Ørsta. Det meste kom frå klokka 19 torsdag kveld. Dette er berre ein målestasjon, og der kan sjølvsagt vere lokale forskjellar. Til dømes at det har regna meir der raset gjekk over E39, seier statsmeteorolog Berit Hagen til Møre-Nytt.

Døgntotalen frå torsdag morgon til fredag morgon var på 45,3 mm nedbør.

Raset i Rindane gjekk torsdag kveld rundt klokka 20.30. Fleire andre følgde etter. Det vart meldt om ras i Norangsdalen, på strekninga mellom Lauvstad og Folkestad, Leira-Viddal, Berkneset og i Årsetdalen. Også Standaleidet vart stengt grunna oversvømming.

LES OGSÅ: Jordras stengjer E39

Størst nedbørsmengde vart målt på målestasjonen på Sæbø frå torsdag morgon til fredag morgon, med 66 mm nedbør.

12 timar

Frå fredag morgon til laurdag morgon har dei registert 59,5 mm nedbør på målestasjonen på Eitrefjell.

- Det er ein del, vil eg seie. Fordelt over 24 timar er det ikkje mykje, men denne nedbøren kom på litt over 12 timar. Då vert det noko anna, seier Hagen.

LES OGSÅ: Framleis mange stengde vegar

Framover

Noko særleg betring kan statsmeteorologen heller ikkje love.

- Det vert dessverre ikkje noko særleg betring framover. Det valdsame regnveret dei siste dagane markerer eit vêrskilje. Når det går frå varmt til kaldt fører det ofte med seg dårleg vêr samstundes. Slik vil det halde seg i nokre dagar framover, med mykje bygeaktivitet og noko varierande temperaturar.

Hagen trur likevel ikkje det vil vere snakk om dei store mengdene med nedbør som det har vore dei siste dagane.

- Det vert meir bygeaktivitet med nokre pausar eller opphald innimellom. Det kan vere kraftige byger, men så går det over. Det vert bygever med regn, hagl og snø ned mot 100 meter. Eg kan ikkje sjå noko høgtrykk eller lang finevêrsperiode framover, berre mange lågtrykk som kjem inn, er beskjeden.

Det er også sendt ut obs-varsel for Møre og Romsdal, der dei melder om fare for høg vasstand frå laurdag til søndag.