– Skredet gjekk i gamlegylet, der det kvart år rasar ned masse. Det er behov for utbetringar her, vurderer Elias Lianes, som bur ikkje så langt frå rasstaden.

LES OGSÅ: E39 opna igjen

LES OGSÅ: Jordras stengjer E39

Det var torsdag i halv ni-tida skredet gjekk over E39 i Rindane ved Lianeset. Skredet hadde opptil femti meters breidde og var på det meste over ein meter høgt. Årsaka til skredet er store nedbørsmengder, vurderer geoteknikar Arne Kavli overfor Møre-Nytt.

LES OGSÅ: - Hallo, Bent Høie!

Liadalsnipa

Gylet starta heilt oppunder sørvestsida av Liadalsnipa, men det var i nedste delen, kring hundre meter frå riksvegen, fonna kom i form av sørpe, mold og stein.

Geoteknikar Kavli var fredag føremiddag på synfaring på staden og gjekk 350-400 meter ovom riksvegen for å sjekke situasjonen i skredområdet. Då var det stort sett berre smågrus igjen i elveløpet der fonna kom, og stort sett gjekk elva rett ned på fast fjell.

Kavli vurderte det slik at viss det vart laga ei oppsamlingsgrop, så ville denne fange opp eventuelle restar. Folk frå Volda Maskin gjorde dette, og dette fungerte fint.

E39 var stengd heilt til fredag ettermiddag.