Det seier Synnøve Rekkedal som tok initiativ til fakkeltoget i Volda denne veka. Ho reknar med at mellom 7000 og 8000 personar møtte opp utanfor Volda-sjukehuset tysdag kveld for å vise kva dei meiner om regjeringa sitt framlegg om å fjerne akuttkirurgien frå sjukehuset.

– Frammøtet var heilt vanvitig. Då eg stod og såg utover folkehavet, og ynskte folk velkomne, fekk eg nesten panikk i høve til branntryggleiken, seier Rekkedal med eit smil.

LES OGSÅ: Folkehav for sjukehuset

LES OGSÅ: Stryn fryktar nedlegging

– Kva fortalde det store oppmøtet deg?

– At sjukehuset i Volda står veldig sterkt blant folk, og at det er veldig viktig for folk på søre å få bevart akuttkirurgien. Då folk gjekk heim frå fakkeltoget var dei overtydde om det viktige ved dette, for appellane som vart haldne var svært gode. Folk fekk fram kvifor det er så viktig å bevare akuttkirurgien, både for sjukehuset totalt og for einskildbrukarane, og at ein ikkje kan stole på dei prehospitale tenestene. Dette kan ikkje erstatte eit godtfungerande lokalsjukehus, seier Rekkedal.

Økonomisk

Ho syntest også at ein gjennom appellane fekk fram at lokale sjukehus driv godt økonomisk og at 70 prosent av pasientane får behandling på lokalsjukehuset. Såleis vart seansen også ei stund for folkeopplysning, vurderer Rekkedal.

– Korleis trur du helse- og omsorgsministeren reagerer på den enorme mobiliseringa for Volda-sjukehuset?

– Bent Høie har fått med seg dette, men eg veit ikkje om fakkeltoget får han til å skifte meining. Vårt arbeid framover er å jobbe opp mot politikarane, difor er det sendt innbyding til alle ordførarane på søre og i Nordfjord om eit møte på sjukehuset i januar, der representantar frå anestesi, kirurgi og medisin på sjukehuset vil forklare samanhengen mellom dei ulike funksjonane på sjukehuset, og kvifor det er viktig å behalde alle funksjonane. Med denne informasjonen i botnen kan lokale og regionale politikarar jobbe opp mot «sine» representantar på Stortinget i høve sjukehussaka, seier Rekkedal.

Sjølv om det var Senterpartiet sin Kjersti Toppe som var stortinget sin representant under fakkeltoget, gjer Synnøve Rekkedal Hill det klart at denne saka handlar om eit tverrpolitisk engasjement.