– Det er heilt uforståeleg at det ikkje skal gå an å sjå denne saka annleis frå staten si side. Farenivået er jo nøyaktig det same om bustaden blir frådelt eller ikkje, sa Hans Olav Myklebust (Frp) då Ørsta formannskap diskuterte konflikten mellom Ørsta kommune og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ørsta kommune har lagt seg på ein praksis der dei tillèt frådeling av dyrkamark rundt våningshus. Dette legg til rette for at eigarane kan halde fram med å bu i våningshuset, og selje dyrkamarka til andre gardbrukarar. Fylkesmannen var usamd, og meiner lova ikkje opnar for slik frådeling. No har departementet vurdert saka, og dei er samde med fylkesmannen.

– Det er lovleg å selje heile garden og det er lovleg å leige ut dyrkamarka. Men det er ikkje lovleg å dele frå dyrkamarka og selje denne, sa ein oppgitt ordførar Stein Aam (Sp). I dette tilfellet er det snakk om to konkrete frådelingssaker, men prinsippavklaringa har konsekvensar for alle slike saker i Ørsta og andre kommunar. I formannskapet var det tverrpolitisk semje om at Ørsta kommune ikkje kan akseptere denne praksisen.

– Dette er ei viktig sak, og vi vil møte på dette fleire gonger, sa Gunnar Knutsen (V).

– Formålet med å dele frå på denne måten er jo å styrke dei som vil drive landbruk, sa Myklebust (Frp).

Alle i formannskapet skrytte av jobben administrasjonen har lagt ned så langt, men varsla at kampen ikkje er over.

Politikarane vedtok tysdag ein uttale der dei uttrykker uro over dei alvorlege konsekvensane av lovtolkinga, og der dei ber administrasjonen kontakte departementet på nytt. Partilaga i Ørsta skal også jobbe med saka opp mot det rikspolitiske miljøet.

– Her er det ein logisk brest som viser behovet for ei forenkla plan- og byggelov. Det er viktig at alle jobbar vidare opp mot det politiske miljøet, og brukar kontaktnettet sitt i denne saka, sa Per Are Sørheim (H).

– Dette er ei lov som vart laga lenge før rasproblematikken kom til syne. Difor er det grunn til å stille spørsmål ved lovverket. Eg trur det er godt for dei det gjeld at kommunen er ein god samarbeidspartnar her, sa Paul Kristian Hovden (KrF).