Formannskapet handsama budsjettforslaget til rådmannen tysdag, og forslaget går mest uendra til kommunestyret.

Likevel, nokre endringar er der. Fleirtalskoalisjonen med Ap, Sp og Frp fekk med seg KrF til å foreslå meir pengar til kulturtiltak. Dette gjeld ei stilling for å skrive ferdig kultur- og næringssoga i Ørsta, noko som skal finansierast med midlar frå lokalt næringsliv.

Vidare vert kulturtilskota til forsamlingshus, frie kulturmidlar og til idrettsanlegg foreslått auka med 170.00 kroner, og det vert foreslått ei omregulering av Odin-hjørnet for å sikre dette til kulturføremål/vern.

Fleirtalet rår dessutan til at skyssbåten på Hjørundfjorden skal haldast oppe, og at rådmannen får i oppdrag å styrke grunnbemanninga på institusjonane ved å vurdere budsjettpostane for fast løn, vikarar, overtid og innleige samla. Og fleirtalet ynskjer også drift i symjebassenga på Vartdal og i Hovdebygda. Dette skal finansierast med leigeinntekter.Det som ikkje kan finansierast eksternt, vil fleirtalet finansiere med bruk av disposisjonsfond. Det handlar om i overkant av ein million kroner.

Rådmann Wenche Solheim og økonomikonsulent Andrea Fivelstad presenterte budsjettet, og framheva at det har vore ein god prosess så langt.

– Det er ikkje lagt inn noko i budsjettet som var ukjend på førehand. Det er ingen dramatikk i dette, sa Solheim.

Ho presiserte dessutan at det er lagt inn auka bemanning i pleie og omsorg, men at denne auken ikkje er like stor som avdelingane ynskte.

Med unnatak av forslaga frå fleirtalskoalisjonen, var det få forslag som kom over bordet. Dei ymse partia vil drøfte budsjettet i partigruppene sine. Per Are Sørheim (H) gav fleirtalskoalisjonen kritikk for forslaget.

– I Høgre er vi no uroa over retninga i den økonomiske politikken. Effektiviseringsgevinsten vi hadde rekna med skulle kome, ser vi ikkje noko til, sa Sørheim, og frykta at fleirtalet vil måtte kome med forslag om auka eigedomsskatt.

<strong>Stramt:</strong> Økonomikonsulent Andrea Fivelstad varsla eit stramt budsjett for Ørsta kommune.