Mykje vatn i vegbana og aukande vasstand gjer at Ørsta kommune har stengt vegen over Standaleidet.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Standalvegen har fungert som omkøyringsveg for nokre medan E39 i Liadal er stengt. Før vegen i Liadal vert opna, er Eiksundsambandet og Hareid - Sulesund einaste omkøyringsveg mellom Ørsta og Ålesund.