Prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen og hans stab vurderer no om det er fare for nye ras i rasområdet i Rindane. Det skal gjerast ei ny vurdering kl. 11.00.

- Utfordringa er at det er meldt meir nedbør, og då må vi finne ut om det kan kome fleire ras.  Når vi fyrst byrjar å rydde, kan det ta tre timar å opne vegen, seier Hjellen.