Fredag kl. 09.00 melder Statens vegvesen at desse vegane er stengde i Ørsta/Volda:

E39 ved Liadal grunna jordras.

Fylkesveg 655 ved Lygnstøylvatnet i Norangsdalen grunna jordras.

Fv 40 mellom Folkestad og Dravlaus grunna snøskred ved Fjøsneset.

Beredskap

Ordførar Stein Aam i Ørsta fortel at kommunen er i beredskap, og følgjer situasjonen nøye.

– Vi skjøna torsdag ettermiddag at det kunne kome hendingar, og som beredskapsleiar var eg i telefonisk kontakt både med rådmann og lensmann om saka.

Raset i Rindane med stengd europaveg gjer at elevane i Liadal fredag held seg heime frå skule. Dersom det er behov for heimebasert omsorg i Liadal, vert dette ordna frå Vartdal.

- Vi fekk melding om telefonbrot i Bjørke-området, men elles har det vore stille, seier ordføraren.

Ferjeproblem

Trafikantar som skal til eller frå Ålesund frå Ørsta/Volda har vorte rådde til å køyre om Eiksundsambandet. Men det er problem i sambandet Hareid - Sulesund grunna mykje trafikk, og dermed forseinkingar. C-ferja i sambandet Hareid - Sulesund er dessutan flytta over i eit anna samband.

Det er forseinkingar i omkøyringsalaternativet - Hareid - Sulseund. Foto: Marius Myklebust