– Heldigvis hang Kjell Nupen sine bilde trygt og tørt på veggene.

Det var eit trasig syn som møtte Ingunn Rusten Øye då ho kom til kunsthuset fredag klokka 12 for å halde vakt på Kjell Nupen-utstillnga. Store dammar med vatn låg på golvet.

– Etter kort tid flaut her. Det kom frå toalettet, fortel ho, noko som lukta i lokalet var med på å stadfeste.

Dermed var gode råd dyre. Dei ringde etter hjelp, og to sterke karar frå flyktningekonotret stilte villig opp for å bere kunst.

– Nupen heng trygt på veggene, men vi har verdiar for fleire hundretusen ståande på lageret vårt. Denne gongen ser det ut til å ha gått bra, heldigvis, seier Lisbeth Bjørneset Myklebust frå styret i kunstlaget.

Ho seier at det er ein fortvila situasjon å vere i.

– Det er ikkje første gongen dette har skjedd i kunsthuset si historie, men vi håper at det er den siste, og at dette vert ordna opp i, seier ho.

Fredag kveld stilte fleire mannsterke frå kommunen. Nupen-kunsten vart henta ned frå veggene for å hindre fuktskade på bilda. Dei vert midlertidig lagra ein annan plass til Kunsthuset er klarert etter vasslekkasjen.

Nupen-utstillinga er dermed stengt inntil vidare.