Meteorologisk institutt varslar styrtregn over Sunnmøre torsdag kveld og fredag. Det gjev auka skredfare.

Det er NVE som kjem med varselet om auka flaum- og skredfare.

Flaum- og skredfaren er heva til gult nivå fredag, noko som tilseier at folk og styresmakter må vere varsame på situasjonar som kan oppstå.

NVE forklarar at det er venta mykje regn frå torsdag og utover fredagen. Det er venta relativt høge temperaturar og mykje vind, noko som fører til snøsmelting. I tillegg er grunnvasstanden og vassmetninga i bakken ganske høg. Spesielt utsett er bratte skråningar og bekker og elveløp med stor vassføring. Lokale styresmakter vert tilrådde å syte for reinska stikkrenner og dreneringsvegar.

Meteorologisk institutt varslar opp mot 150 mm nedbør i 36 timar framover frå torsdag kveld.

Vêrvarselet er slik kl. 14.00 torsdag:

Torsdag:

Auke til sørvest liten storm utsette stader, periodevis full storm på kysten, seint i kveld litt minkande. Regn, snø i fjellet.

Fredag:

Sørvest periodevis sterk kuling utsette stader. Regn. Lokalt mykje nedbør. Frå fredag kveld liten til stiv kuling. Regnbyer, etter kvart snøbyer over 300–500 m.