Fem styremedlemmer og administrerande direktør trekkjer seg frå Fjord1 AS.

Det er opprør i ferjeselskapet Fjord1. Styremedlemmer og administrerande direktør Dagfinn Neteland reagerer sterkt på at fylkestinget i Sogn og Fjordane ynskjer å selje aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA.

– Styret i Fjord1 AS har uttalt at direkte eller indirekte overdraging av eigarinteressene til ein konkurrent tener verken selskapet eller aksjonærfellesskapet. Fjord1 AS er i dag den største og leiande aktøren i den innanlandske ferjenæringa. Om det skal skje ein ytterlegare konsentrasjon, frå fire til tre aktørar, utan at nødvendig konkurranse i tilbodsregimet vert undergraven, bør Fjord1 AS vere overtakande selskap eller på annan måte vere førande i konsolideringa slik at kostnads- og inntektssynergiar først og fremst kjem aksjonærfellesskapet til gode, heiter det i ei pressmelding frå direktør Neteland og styremedlemmene Reidar Sandal, Heidi Kathrin Osland, Nils R. Sandal, Lars Birkeland og Jan Kildal.

Dette er styremedlemmene som trekkjer seg, og dei er aksjonærvalde og utan eigarinteresser i selskapet.

Kritiserer

Styremedlemmene og Neteland kritiserer Sogn og Fjordane fylkeskommune for aldri å ha brukt eigarskapen sin til å spørje selskapet/styret om kva som vil vere til det beste for Fjord1 AS.

Fordi det er eit klart avvik frå det styret har sagt i saka om aksjesal og det fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke, trekkjer adm.dir. og fem styremedlemmer seg.

Fjord1 er det dominerande selskapet på Nord-Vestlandet, og trafikkerer mellom anna Festøya–Solavågen og sambanda i Hjørundfjord.