- Dette er eit spennande prosjekt som kan vere avgjerande for at vi skal kunne klare å halde dei strenge krava til gjenvinning. Og det er heilt fantastisk at det er VØR, som er det minste renovasjonsselskapet i fylket, som går i bresjen for å realisere eit biogassanlegg, seier ho og legg til at ho trur at ei slik utvikling også er viktig for innbyggjarane i Volda og Ørsta, seier styreleiar Ann Britt Våge Fannemel i ei pressemelding.

Styret i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har gitt grønt lys for at det kan gjennomførast eit forprosjekt for å avklare om det er grunnlag for å etablere eit biogassanlegg på Melsgjerdet i Ørsta.

VØR har allereie sikra seg eit areal på 20 mål på Melsgjerdet. Planen var i utgangspunktet å byggje ein omlastingsstasjon, men no legg handlingsplanen opp til at det kommunale renovasjonsselskapet i 2017 skal etablere ei prøveordning med innsamling av matavfall. Dette kan bli obligatorisk frå 2018.

Eit biogassanlegg foredlar gassane som blir produserte i nedbrytinga av matavfallet. Gassen kan brukast til fleire formål, til dømes som drivstoff og til oppvarming.

Biogass er eit eit nasjonalt og europeisk satsingsområde, og er ein del av arbeidet med å byggje fornybarsamfunnet.

Styreleiaren fortel at det sidan 2007 har vore drøftingar i styret om kva som skal skje med matavfallet. Også eit biogassanlegg har vore nemnt. Men medlemmene i VØR-styret har ikkje tidlegare hatt i tankane at det kunne byggjast i eigen regi på heimebane.

Treng svar

No vil styreleiaren ha svar på om eit etablering av eit biogassanlegg har noko for seg. Det svaret må på plass før det blir gjort installasjonar på tomta.

Ho er overtydd om at det finst nok råstoff. Ved å få utarbeidd eit forprosjekt, vil VØR få svar på spørsmål som dreiar seg om inntekter, kostnader, storleik på investeringar, val av teknologi og miljøeffekt. Når desse svara ligg på bordet, vil ein ha grunnlag for å avgjere om det er aktuelt å gå vidare.

Etablering av eit biogassanlegg er ei stor oppgåve for VØR. Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, har difor vore i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar for å avklare om dei kan tenkje seg å vere med. Dei ynskjer meir fakta på bordet før dei kan svare ja eller nei.

VØR må uansett bygge ein omlastingsstasjon for matavfall på Melsgjerdet. Spørsmålet no er om biogassanlegget også skal vere ein del av utbygginga.

Han meiner at eit slikt forprosjekt ikkje treng forseinke utbygginga på Melsgjerdet nemneleg. Målet er at arbeidet med forprosjektet skal vere ferdig før sommarferien neste år.