Det var i samband med handsaminga av tilstandsrapporten for grunnskulen i Ørsta at forslaget kom opp.

Seksjonsleiar Kirsti Øye Driveklepp hadde forklart at skulen i Ørsta no har skore inn til beinet. Svein Ivar Aarskog (Ap) viste til dette, og det rådmannen har skrive i budsjettutgreiinga.

– Blant moglege innstrammingstiltak i den komande fireårsperioden er strukturrasjonalisering nemnt. Då er mitt forslag at skulestrukturen i Ørsta vert uendra i perioden 2015 til 2019, sa Aarskog.

Rådmannen presiserte at det frå hennar si side ikkje låg inne noko forslag om endringar i strukturen. Likevel påpeikte ho at forslaget frå Aarskog kunne ha økonomiske konsekvensar, og at saka om struktur ikkje var greidd ut.

– Då miner dette meg om eit vedtak i Sande kommune for ein del år tilbake. Der vart det vedteke at det ikkje skulle endrast noko, men då den økonomiske realiteten slo inn, vart det endringar, sa Solheim.

Aarskog møtte motstand frå Per-Are Sørheim (H).

– Høgre vil ikkje røyste for dette. Vi hadde ein god strukturdebatt i førre periode. Han var heftig, men vi landa på eit samrøystes vedtak om ikkje å endre på skulestrukturen. No har vi store utfordringar med skulebygningane våre, og det vert vanskeleg å handsame desse sakene om vi skal frede einskilde område. Då låser vi drifta, sa Sørheim.

Hans-Olav Myklebust (Frp) karakteriserte forslaget frå Aarskog som godt.

– Litt av poenget er å låse strukturen. Då kan vi bruke tida til noko anna enn å snakke om struktur. Ein strukturdebatt skaper uro. Dessutan gjev vi rådmannen eit klart styringssignal, sa Myklebust.

Rådmann Solheim poengterte at ho forstod at dagens kommunestyrefleirtal ikkje ynskjer skulenedleggingar.

– Å signalisere at vi ikkje ser på skulestruktur, er samstundes eit signal om at vi må auke eigedomsskatten eller ta ned eldreomsorga viss vi må effektivisere meir, sa rådmannen.

Fleire representantar hevda at forslaget frå Aarskog ikkje høyrde heime under saka om tilstandsrapporten i skulen.Det fekk ordførar Stein Aam (Sp) til å reagere:

– Eg vil ha mitt regime. Dette er viktig prinsipiell sak.

Eit fleirtal på fem (Sp, Ap og Frp) rår kommunestyret til å vedta freding av skulestrukturen.