Stemninga har snudd frå ja til nei. No seier eit fleirtal av innbyggjarane i Ørsta nei til kommunesamanslåing.

Det viser ei spørjegransking Sentio Research Norge AS har utført for Sunnmøre regionråd. Resultata vart lagt fram for m.a. politikarane på konferansen Arena Sunnmøre i Ålesund tysdag.

For eitt år sidan svara 21 prosent av dei spurte i Ørsta at Ørsta kommune burde vere organisert som i dag. I granskinga som vart lagt fram torsdag, svara 52 prosent at kommunen bør vere organisert som dag.

På spørsmålet om ein er samd eller ikkje samd i Stortinget sitt vedtak om å redusere talet kommunar i landet, er det også eit heilt tydeleg meiningsskifte.

56 prosent usamde i kommunereforma

No svarar 20 prosent av dei spurde i Ørsta at dei er heilt usamde i dette medan 36 prosent svarar at dei er noko usamde. For eitt år sidan var 12 prosent heilt usamde, medan ni prosent var noko usamde. Altså seier 56 prosent av dei spurde at dei er usamde i kommunereforma i år, medan tilsvarande tal i fjor var 21 prosent.

Viss det vert kommunesamanslåing, er dei spurde i Ørsta heilt tydelege på kva dei ynskjer seg. 93 prosent svarar at dei då ynskjer ei samanslåing med Volda kommune.

Volda

I Volda kommune er svara ganske like dei frå i fjor.

31 prosent svarar at Volda kommune bør vere organisert som i dag, medan svaret på det same spørsmålet i fjor var 29 prosent.

I år seier 14 prosent av dei spurde i Volda at dei er heilt usam,de i kommunereforma, medan 21 prosent er noko usamde. Det vil seie at 35 prosent svarar at dei er usamde. I fjor var det tretten prosent som var heilt usamde og tretten prosent som var noko usamde. Altså var det samla 36 prosent av dei spurde som sa seg usamde i kommunereforma.

Viss det vert kommunesamanslåing, er dei spurde i Volda tydelege på kven dei vil slå seg saman med. 86 prosent seier dei vil slå seg saman med Ørsta.

Nei til Sunnmøre kommune

Både i Ørsta og Volda er det stor skepsis mot heile Sunnmøre som ein eigen storkommune. Berre fem prosent av dei spurde i Volda seg føre seg ei slik løysing, medan tilsvarande tal i Ørsta er tre prosent.

Sentio Research AS har gjennomført granskinga med eit utval på 2.500 intervju på Sunnmøre. I Ørsta og Volda har det vore eit utval på hundre personar i kvar kommune.