Det hevdar leiaren for den aldersfastlagde fotballen i Hovdebygda IKL, Sindre Skurtveit, i boka «Hovdebygda idrettslag 100 år».

Skurtveit skriv i kapittelet «Bygginga av ballbinge og kunstgrasbane» m.a. om då Hovdebygda I.L. ynskte å oppgradere skuleplassen og byggje ballbinge der – og at ballbingen fekk ein treg start. Ballbingen stod då på kommunal grunn.

– Og dersom kommunen stod som utbyggjar, så ville vi sleppe unna å betale moms etter ei ordning som vert kalla momskompensasjon. Hovdebygda I.L. kontakta Ørsta kommune med søknad om at ballbingen kom under momskompensasjonsordninga ved at Ørsta kommune stod som utbyggar, og at Hovdebygda I. L. stod som garantist på å betale alle kostnader ved å byggje ballbingen. Dette er ein måte å gjere det på, som er nytta i dei fleste kommunar rundt i landet i samband med utbygging av hallar, baner, og andre anlegg som lag og organisasjonar byggjer. Resultatet er at ein lokalt sparer store pengar, og for ballbingen i Hovdebygda sin del ville innsparinga ha vore på kring 70 000 kroner. Dette var mykje pengar for HIL. Det er ikkje få tombolaer og lotteri som skal til for å samle inn ein slik sum, seier Skurtveit og held fram:

Gjekk ikkje

– I administrasjonen fekk vi høyre at dette var ei løysing som ikkje gjekk. Sjølv om vi viste til andre stader der dette blei nytta, og at Ørsta kommune blei den store taparen ved ikkje å nytte seg av ordninga, så var svaret kategorisk nei. Det merkelege er at Ørsta kommune nytta seg av momskompensasjon då ballbingen ved Velle skule blei bygd, og då fungerte ordninga perfekt. Då fekk vi høyre dette: «…at på bygdene var det enklare å få folk med på dugnad, det var ikkje tilfelle i sentrum». Difor kunne det forsvarast at ballbingen i sentrum var kommunal, medan det på bygdene ikkje skulle få ta del i momskompensasjonsordninga, sjølv om det ikkje ville koste Ørsta kommune ei krone. Vi hadde vanskar med å forstå at dei som skal take ivare innbyggjarane sine interesser motarbeider det lokale kultur og idrettsarbeidet.

I staden overlèt Ørsta kommune «momskompensasjonskaka» til andre kommunar rundt om i landet. – Hovdebygda I.L. trudde dette måtte ha bakgrunn i ei mistyding, og tok difor initiativ til ei politisk handsaming i fagutvalet for oppvekst og kultur.

Svaret var også her nedslåande. Frp sin representant vart sitert slik i Møre-Nytt:

«Det er bygd ballbingar både på Vartdal og på Sæbø, og dei har ikkje fått momskompensasjon. Då kan heller ikkje ballbingen i Hovdebygda få det».

Prinsippet er altså, at når det er gjort feil på Vartdal og på Sæbø, då skal same feilen gjerast andre stader, seier Skurtveit i boka.

Han avsluttar kapittelet slik:

– Lag og organisasjonar i Ørsta kommune har tapt store summar ved at denne ordninga ikkje vart nytta. Ikkje lenge etter hamna Ørsta kommune på Robek-lista.