Det er ved krysset E39/Indrehovdevegen (avkøyringa til Ivar Aasen-tunet) Statens vegvesen ønskjer å betre veglyset.

– Fleire studiar viser at ulykkesrisikoen i mørket er 1,5 til 2 gonger så høg som i dagslys og at talet på personskadeulykker går ned med aukande lysnivå, skriv Statens vegvesen. Det er snakk om tre nye lysmaster, ei på nordsida og to på sørsida av E39. Lysmastene skal særleg lyse opp punktet der mjuke trafikantar kryssar E39. Betre lys kan gi ein total ulykkesreduksjon på 63 prosent, ifølgje ein analyse frå 2012.

Fekk dispensasjon

Sidan kryssingspunktet ligg like ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, kravde Avinor at det vart gjennomført ein risikoanalyse av kva konsekvensar lyktestolpane vil få for innflyginga til Hovden.

Dette er no gjort, og analysen viser at risikonivået i praksis ikkje blir høgare som følgje av lyktestolpane. Luftfartstilsynet har difor gitt dispensasjon til å setje opp lyktestolpane. Dermed er det fritt fram for Statens vegvesen å setje i gang arbeidet.