Kanskje var dei leie av ein lang beitesesong, kanskje var det dei første kuldegradene og varsel om snø som gjorde det, men dei ca. 25 storfea til Odd Bjarne Bjørdal gjekk onsdag inn i den splitter nye ammekufjøsen i Bjørdalen no onsdag utan protestar.

I vår fekk ein stolt Odd Bjarne Bjørdal delt ut Aarsæther-legatet av ordføraren for god drift av gardsbruket sitt i Bjørdalen der han har knappe 200 vinterfôra sau. Men i takketalen sin nemnda at prisen kom vel tidleg, for han hadde planar om utviding. No står ein splitter ny ca. 250 m² stor fjøs for ammekyr, ferdig.

Raskt

Bygginga har gått raskt.   I august vart fjøstomta graven og no er fjøsen (nesten) ferdig.

I det siste har det likevel vore svært hektisk for å få fjøsen klar før snø og kulde kom. Odd Bjarne har nemleg hatt dels nyinnkjøpte dyr, dels kyr med kalv gåande ute på beite heilt til no. Men dyra har ikkje lede noko naud – dei har fått tilkøyrt rundballefôr kvar dag.

Likevel – onsdag var det på tide å få dyra inn. Og takka vere gode naboar og venner fekk Odd Bjarne altså dyra frå beite og rett i fjøsen.

Mangel

Odd Bjarne Bjørdal opplyser at det er plass til 25 ammekyr i fjøsen og når dei får kalvar, vil der vere vel 50 dyr i alt. Og kvifor satsar Odd Bjarne på ammekuproduksjon og ikkje oppdrett av innkjøpt kalv? Han har svaret klart:

– For det første er det stor mangel på norsk storfekjøt. For det andre er det knapt med kalvar å få kjøpt. Kvar ku mjølkar nemleg meir enn før og dermed vert det behov for færre kyr og dermed vert det færre kalvar. Det seier seg då at satsinga måtte verte på det som vert kalla sjølvrekrutterande kjøtproduksjon, altså ammekyr. I tillegg brenn Odd Bjarne for ei betre utnytting av utmarka og vedlikehald av kulturlandskapet. Ammekyr med kalv kan gå ut frå vår til sein haust.

Odd Bjarne har no tre ulike storferasar i fjøsen sin. Det er Hereford, Dexter og Tiroler. Han fortel at det er rasen Hereford om vert hovudsatsinga.

Knut Hustad