- Her er langt fleire enn kva vi kunne drøyme om. Her er nærmare ti tusen, strålte Synnøve Rekkedal Hill då fakkelaksjonen for akuttkirurgien ved Volda sjukehus nærma seg slutten tysdag kveld.

Det vart ein demonstrasjon utan like. Frå heile Søre Sunnmøre og Nordfjord strøymde det til folk for å protetsere mot forslaget frå helseminister Bent Høie om å leggje ned akuttkirurgien ved fem mindre sjukehus, mellom dei sjukehuset i Volda.

Det vart halde appellar, frå legar, pasientar, politikarar og aksjonistar. Felles for dei alle var at dei var sterkt i mot nedlegginga av akuttkirurgien.

- Ikkje legg ned akuttkirrurgien i Volda, ropte folkemassen.

Ma Ortiz, som fortalde si historie i Møre-Nytt tysdag, var mellom dei som heldt appell. I eit kjenseladd innlegg fortalde ho om korleis Volda sjukehus berga livet hennar.

- Hadde det vore ambulanse til Ålesund, hadde eg døydd, sa Ortiz.

Ordførar Jørgen Amdam frå Volda heldt den kortaste appellen. Men han fekk folkemassen til å rope "Lenge leve Volda sjukehus", taktfast og lenge.

Også rikspolitikarar var til stades. Sp-representantane på Stortinget, Kjersti Toppe og Per Olaf Lundteigen kom til Volda. Og Toppe tala mot sentraliseringa.

Etter at appellane var haldne, gjekk folkemassen ein runde rundt sjukehuset før aksjonen var avslutta.

Per Johan Ramsli i sjukehusaksjonen heldt appell. Foto: Rune Sæbønes
Synnøve Rekkedal Hill var strålande nøgd om oppslutnaden. Foto: Rune Sæbønes