– Grunna dei store orkanflatene etter orkanen «Dagmar», er plantebehovet i Ørsta relativt enormt, og vi treng eit ikkje ubetydeleg løft i 2016 for å kome à jour med kultiveringa, skriv Nedreklepp i aktivititetsbudsjettet for skogbruket i Ørsta i 2016.

Nedreklepp er skogbrukssjef for både Ørsta og Volda, og melder også om eit behov for planting av orkanflater i Volda. – Det er avgjerande at vi får plante desse flatene til neste år, skriv han.

Legg opp til auke

Skogbrukssjefen legg opp til ein stor auke i budsjettet til skogbruk i Ørsta i 2016. Kostnaden til planting er rekna til 877.500 kroner. I Volda er kostnaden rekna til 367.500 kroner.

– Budsjettet speglar den reelle situasjonen med svært stort etterslep i kultiveringa, skriv Nedreklepp.

Fylkesmannen gir årlege tilskot til skogbruket. I aktivitetsbudsjettet legg Nedreklepp opp til at om lag halvparten av kostnaden blir dekt gjennom tilskot frå fylkesmannen.

Overforbruk

Dei førebelse utrekningane til Nedreklepp viser at kostnadane i Ørsta kommune er lag 100.000 kroner større enn budsjettert i skogbruket i 2015, medan Volda har brukt om lag 5.000 kroner for mykje.

– Overforbruk er ikkje bra for nokon. Dette viser likevel det store plantebehovet som er i kommunane. Ideelt sett burde det vore planta mykje meir desse åra. No er vi kraftig på etterskot, og flatene gror att, skriv Nedreklepp.

For å kome à jour, ber han fylkesmannen om ei størst mogleg ekstraløyving til skogplanting i Ørsta og Volda i 2016.

Naudsynt med gode tilskot

Han har også innvendingar mot tilskotsordningane til skogeigarane.

– Eg har redusert dette frå 60 til 50 prosent i 2016. Det er sjølvsagt til stor hjelp i budsjettet vårt. Likevel blir underskotet stort. Vi må ha i mente at mange skogeigarar sat att med lite eller ingenting etter Dagmar-hogsten. Skikkeleg tilskot er naudsynt for i det heile å få utført planting utan å gå lovvegen (tvinge skogeigarane til å plante, red. merk.).

Nedreklepp foreslår eit møte mellom fylkesmannen, kommunane og Allskog i vinter for å drøfte situasjonen i skogbruket i Ørsta og Volda.