Komande veke får alle fjerdeklassingane ved dei sju skulane i Ørsta kommune delt ut sykkellykter. Det er Ørsta sykkelklubb og Sport 1 som samarbeider om prosjektet.

– Det er første gang at dette vert gjort, og vi vonar at vi kan få til dette årleg. No er det oss og Sport 1 som går saman, men vonleg har vi fleire samarbeidspartnarar neste år, seier Tov Lerheim i Ørsta sykkelklubb.

– Bli sett

Ved å dele ut sykkellykter til alle fjerdeklassingane i Ørsta kommune har initiativtakarane von om å auke tryggleiken.

– Det er viktig å bli sett i trafikken, og med lysutstyret i orden kan også sykkelsesongen forlengast sjølv om det no er mørkare ute. Desse lyktene kan også nyttast på spark og sparkesyklar.

For å få delt ut sykkellyktene må elevane møte opp på Sport 1.

– Lyktene vert delt ut her frå klokka 15.00 onsdag og heile torsdag.