Det er i Norske Lakseelver sin rapport om laksesesongen 2015 Ørstaelva er omtala.

– Etter fiskesesongen opplevde Ørstaelva eit solid innsig av rømt oppdrettsfisk. Her gjorde elveeigarlaget og den lokale jeger- og fiskeforeininga ein kjempeinnsats, og fanga mange av rømlingane i osen før dei begynte å symje opp i elva, heiter det i rapporten.

I månadsskiftet september/oktober var det fiska om lag hundre rømde fiskar med ei gjennomsnittsvekt på vel tre kilo i Ørstaelva. Norske Lakseelver skriv at elvene i Møre og Romsdal og elles på Vestlandet hadde ei jamnt og godt tilsig av snøsmeltingsvatn gjennom mykje av sommaren. Årsaka var store snømengder og låge sommartemperaturar. Dette gav godt fiske i mange elver.

Tidlegare i månaden skreiv Møre-Nytt at det vart henta opp 919 laks og aure i Ørstaelva denne sesongen. Det har også vore godt fiske i andre elver i området, mellom anna Bondalselva.