Etter at Saksa Turstiforeining tok tak og fekk rydda og ordna turvegen opp til fjellet Saksa, har folk kome i hopetal for å gå den populære turen. Dermed vert det trongt om plassen på dei få parkeringsplassane som er på Urke.

Leiar i Saksa Turstiforeining, Bente Åmbakk, har nyleg vore i kontakt med kommunen for å høyre korleis dei stiller seg til ei eventuell utviding av parkeringsplassen, der råsa frå Urke til Leknesdalen tek til. Planen er ei løysing der dei kan auke talet på parkeringsplassar med 20–25 bilar.

– Etter innleiande samtale med grunneigar har vi kome fram til eit forslag som går på å grave masse ut frå oppsida av vegen, for så å legge massen på nedsida av vegen. Dette vil gje ei større breidde på vegen og gjere det mogleg å legge til rette for skråparkering på oversida, skildrar Åmbakk, som også fortel at grunneigaren er positiv til dette forslaget.

Turstiforeininga søkjer kommunen om løyve til dette, og seier at dei også vil søke om gåvemidlar frå Gjensidigestiftelsen for å få finansiert utvidinga av parkeringsplassen.