– Dagens klubbhus er for lite til å kunne ha større møte der, og kjøkkenfasilitetane treng fornying. Vi ønskjer i større grad enn tidlegare åskape eit pulserande klubbhus med aktivitetar frå morgon til kveld, skriv VTI Allianseidrettslag i søknaden om kommunal garanti.

– Ei ombygging er naudsynt for at bygget skal vere tenleg i høve til den store og auka aktivitet som VTI-Fotball har i området, skriv rådmannen i saksutgreiinga. Kommunestyret har vedteke å gi kommunal garanti for lånet til eit nytt klubbhus. VTI-Allianse skal bygge anlegget, og står som lånetakar. Det er etablert leigeavtale med VTI-fotball, som står for drifta av anlegget.

Kommunen krev at utbetalte spelemidlar og eventuell momskompensasjon i sin heilskap skal gå til avkorting av lånebeløpet. Dette vil truleg avkorte lånebeløpet til 1,8 millionar kroner innan 2019.

Vedtaket om garantien var samrøystes. No er det sendt til fylkesmannen for godkjenning.