Fram til og med nyttår 2014 vart Internationalen i beredskap for Ørsta Brann og Redning. Dei siste åra har bilen vore stasjonert på Øye, men har no vorte erstatta med meir moderne og tryggare utstyr. I år vart bilen lagt ut for sal etter å ha vore i teneste for brannvernet i 51 år.

– Bilen burde ha vore ute av beredskap for lenge sidan, og det har ikkje vore nokon sikker bil til å køyre utrykking med. For oss er det ei lette å få den ut av beredskapen, og det er ikkje slikt utstyr vi vil at mannskapet skal rykke ut med når vi skal prøve å redde liv og verdiar. Det har heller ikkje vore tryggande for innbyggjarane å kome med utstyr som vi ikkje kan stole på, og som er utgått på dato for mange år sidan, seier brannsjef Einar Ytre-Hauge.

Internationalen er ikkje den einaste brannbilen som har ein del år med erfaring, og brannsjefen har von om at dette er starten på ei utskifting av bilparken.

– På Øye har vi fått erstatta Internationalen med ein brukt Sprinter som vi har sett inn eit sløkkesystem i, og det fungerer veldig bra. Vi har von om at dette er starten på å få skifta ut gamle bilar og få ei nødvendig fornying av bilparken i Ørsta brannvern. Vi treng å få skifta ut ein bil per år dei neste tre åra. Det er målet.

– Vonleg også ein oppgradert brannstasjon i løpet av desse åra?

– Ja, og det er på gang no, og det har von om er ferdigbygt neste år, seier Ytre-Hauge.

Ørsta brannvern la ut annonse for Internationalen på internett. Robert som no er busett i Sogn søkt tilfeldigvis på brannbilar, og etter å ha bladd forbi nyare bilar kom han over annonsen frå Ørsta, og er no ny eigar.

– For det første er eg veteranbilinteressert, og for det andre er eg kulturinteressert. Her får eg to fluger i ein smekk. Eg har ikkje fleire brannbilar, men eg har fleire veteranbilar. No vert bilen ståande i Sogn der eg har eit småbruk, og så kjem eg sikkert til å bruke bilen på veteranbilløp og utstillingar i Bergensområdet.

Laurdag kom han til Ørsta for å hente bilen og køyre den tilbake til Sogn.

– Eg satsar på å bruke 4–5 timar på turen, og det vert truleg den lengste turen denne bilen har hatt.