– Gamlefjøsen har stått der i 50 år. No stod valet eigentleg mellom å legge ned eller å satse for fullt. Skal eg vere med på utviklinga må eg fornye meg, og eg ville gjere det no mens eg er ung og har overskot til å stå på litt ekstra, seier Slettedal.

Dobbelt så stort

I fjøsen i Sledalen står 20 mjølkekyr på bås i gamlefjøsen. Dei er framleis uvitande om at dei snart skal ta seg ein spasertur over tunet for å flytte inn i ein meir enn dobbelt så stor fjøs der dei skal få gå fritt. Nybygget måler 62x22 meter.

– Der vil eg ha plass til totalt 50 mjølkekyr. Dei 30 eg manglar kjøper eg med ein som skal legge ned gardsdrifta si i Åmdal, så her vert fullt hus frå første dag. Det er ein klar føresetnad for at eg skal få dette til å gå rundt.

Kostbart

Det kostar nemleg å satse i landbruket. Budsjettet er på rundt 10 millionar kroner. Ikkje småpengar for ein som no vil prøve å satse fulltid som bonde. Han vurderte å bygge på gamlefjøsen, men med nye krav til landbruket vart ombygginga så omfattande at han såg på nybygg som det beste alternativet.

– Eg hoppar i det. Eg har stor tru på dette. Eg har alltid vore aktiv i gardslivet, og ønskjer å halde fram med det. Det er mykje arbeid og få fridagar, og timebetalinga er nok ikkje den beste, men eg likar å vere min eigen herre. Og no veit eg kva eg har å styre med dei neste tiåra framover.

Han opplever å få god hjelp og støtte både frå dei rundt seg og frå det offentlege. Mellom anna har han fått støtte frå Innovasjon Norge til satsinga si.

– Eg opplever at det norske landbruket er i ferd med å få seg ein oppsving. Det er gjerne slik at når oljenæringa går ned, så går landbruket opp. Folk ser behovet for at vi i Noreg kan syte for oss sjølve. Noreg er dessutan i ei særklasse når det kjem til dyrevelferd, tryggheit og kvalitet. Folk vel gjerne norsk, og då må dei få moglegheita til å kjøpe det også.

450 tonn mjølk

Fjøsen vil romme totalt 150 dyr. 50 kyr og 100 kalvar. Kvigekalvane vert avla fram, mens oksekalvane går til kjøtproduksjon. Og mjølkekvoten vil auke monaleg når ting er oppe og går.

– I dag har vi ein kvote på 140 tonn. Planen framover er å ligge på rundt 450 tonn mjølk årleg. Nyfjøsen vert heilautomatisert, frå mjølking til fôring. Det lettar arbeidet mykje når talet på dyr aukar så mykje.

Gravinga starta i juni, og alt til jul ser Slettedal føre seg at han kan opne dørene i nysatsinga si. Holen Sand- og grustak sørgjer for god framdrift, og Einar Slettedal, far til Karl Frode, har også bidrege stort.

– Det er mykje arbeid no, men eg gler meg til å få alt opp og stå. Eg har tru på at dette er liv laga, og eg håper at det kan motivere fleire til å satse vidare på landbruket. Eg veit om mange som tel på knappane og vurderer kva dei skal gjere. Eg håper flest mogleg vel å satse, for landbruk må vi ha i Noreg.

<strong>Nytt:</strong> Den nye driftsbygningen på heimgarden til Karl Frode Slettedal er i ferd med å ta form. Fjøsen skal huse 50 mjølkekyr, og tek 150 dyr totalt, med stort og smått. Til jul skal alt stå klart. Storleiken er 62x22 meter.
<strong>Satsar:</strong> Karl Frode Slettedal (38) måtte ta eit val om å legge ned eller å satse vidare på heimgarden. Han valde det siste. Det kostar i kroner og ører, men vil vere verdt det i det lange løp, meiner han.