– Kapteinkvia er eit prosjekt som vi har styrt på med ei stund, og no er vi i gang med å bygge toalett. Vi har også vidare planar for området, og ynskjer å få på plass klatrevegg og tarzanløype, seier leiar Øyvind Taklo i grendalaget.

Grunnarbeidet til toalettet, som er unviverselt utforma, er i gang.

– Vi har fått god hjelp av Arild Aarseth og Kjell Heggstad med dette arbeidet. Vi er eit lite grendalag, og for å få råd til dette må vi tigge litt andre stader i kommunen og spørre om dei kan hjelpe oss.

– Von om endå meir aktivitet

Grendalaget har von om at toalettet skal vere ferdig til våren.

– Området rundt Kapteinskvia har vi von om skal verte endå meir i bruk av både vaksne og ungar. Får vi opp toalettet vert det endå lettare for skular og barnehagar å bytte området. Her er allereie god aktivitet med folk som nyttar Gunnarråsa, går på fjellet, har selskap, men vi treng eit toalett. Kommunen har ikkje økonomi til å hjelpe oss, og då får vi gjere det sjølv, seier Taklo.