Krafta som i dag blir produsert i Hjørundfjorden er vanskeleg å få ut av området Krafta frå Urke blir sendt til Hustadneset. Derifrå er det for dårleg linjekapasitet til å sende henne vidare. Det same gjeld krafta frå Trandal, som går til Standal.

– Planen er å få denne innestengde krafta inn til Bjørke. Derifrå kjem det 132-kilovoltlinje, som kan levere krafta vidare til hovudnettet – 420 kV-linja.  Vi vil leggje kabel frå Trandal til Lekneset, frå Lekneset til Skår og frå Skår til Bjørke. Traseen er kronglete, men slik er det, forklarer kraftverkssjef Terje Myklebust i Tussa Energi AS. Planen om ei 132 kV-linje i Bondalen er skrinlagd på grunn av mange avslag på konsesjonssøknader for kraftverk i Hjørundfjorden.

Den nye planen, om fjordkabelen til Bjørke, har kome til i seinare tid. Også denne er avhengig av auka kraftproduksjon i fjorden. Tussa håper difor grunneigarane på Skår får byggje.

– Vi meiner det er mange gode argument for kraftverk på Skår, og vil vere med på prosjektet saman med grunneigarane, seier Myklebust. Ein fjordkabel skal både syte for å få den innestengde krafta ut frå Hjørundfjorden og sikre ei tryggare straumforsyning.