– Det har vore ein krevjande situasjon siste halvåret. I desse dagar held vi på å avvikle, seier Anders Digenes som har vore leiar for Ørtakontoret. Kontoret har vore lokalisert vegg i vegg med lensmannskontoret.

Sweco er eit internasjonalt selskap med hovudkontor i Sverige. Konsernet tilbyr rådgivingstenester innan områda energi, vatn og miljø, bygg og konstruksjonar, areal- og transport, tekniske installasjonar, prosjektadministrasjon og fleirfagleg prosjektering.

Tøff marknad

Sweco Ørsta har jobba i ein tøff marknad med hard konkurranse. Og lønsemda har vore dårleg.

Kontoret i Ørsta hadde fem tilsette siste tida. Alle skal vere sikra jobb i andre føretak.Anders Digernes har fått jobb som prosjektleiar for entreprenøren Ivar Aambakk AS.

– Eg har fått ein spennande jobb og ser lyst på situasjonen, seier Digernes.

I 2007 selde han selskapet sitt Anders Digernes AS nettopp til Sweco.